Collabora Office 22.05 Hjelp
Legg til eller fjernar disposisjonsnivå, listestil og linjenummerering frå avsnittet eller avsnittsstilen. Du kan også byrja på ny nummerering eller endra starttalet i nummererte lister og linjenummerering.
For å endra nummereringsinnstillingane for avsnitt som brukar den same avsnittsstilen, vel du og klikkar på knappen Avsnitsstilar. Høgreklikk på stilen på lista, vel Rediger og klikk så på fana Disposisjon og nummerering.
For å endra nummereringsinnstillingane for merkte avsnit, vel du og klikkar på fana Disposisjon og nummerering.
Tilordnar eit disposisjonsnivå frå 1 til 10 til dei merkte avsnitta eller avsnittsstilen. Vel Brødtekst for å tilbakestilla disposisjonsnivået.
Vel listestilen som du vil bruka på avsnittet. Desse stilane vert også lista ut i vindauget for Stilar (Kommando + TF11) viss du trykkjer på ikonet Listestilar.
Rediger eigenskapane til den valde nummereringsstilen. Desse eigenskapane vert nytta for alle avsnitt som er formaterte med den gjevne nummereringsstilen
Denne knappen er kopla frå når kapittelnummerering er i bruk. Vel Verktøy → Kapittelnummerering for å redigera disposisjonsnivåa og nummereringsformatet.
Disposisjonsnivåa og listestilane er uavhengige av kvarandre. Bruk Verktøy → Kapittelnummerering for å kopla eit nummereringsformat til ein avsnittsstil brukt for overskrifter i disposisjonsstilen for eit dokument.
Denne delen vert berre vist når du vel Format → Avsnitt for å redigera eigenskapane til det gjeldande avsnittet.
Byrjar nummereringa på nytt ved dette avsnittet.
Kryss av her og skriv inn nummeret du vil bruka på avsnittet.
Skriv inn nummerer som skal brukast på avsnittet. Avsnitta som kjem etter dette vert nummererte stigande frå det talet du skriv inn her.
Bestemmer vala for Linjenummerering. Vil du leggja til linjenummer i dokumentet, vel du Verktøy → Linjenummerering.
Ta med dette avsnittet i linjenummereringa.
Byrjar linjenummereringa på nytt i dette avsnittet eller ved det nummeret du vel.
Skriv inn talet linjenummereringa skal byrja på nytt med.
Desse knappane er synlege berre for avsnittsstilar.