Collabora Office 22.05 Hjelp
Du kan endra storleiken på vektorgrafikk utan at kvaliteten på biletet vert dårlegare. I Collabora Office Draw og Impress kan du gjera om eit bilete til vektorgrafikk.
Merk biletet du vil gjera om.
Gjer éin av desse:
I Collabora Office Draw, vel Form → Gjer om → Til mangekant.
Høgreklikk på objektet i Collabora Office Impress og vel Konverter → Til mangekant.
Set innstillingane for konvertering av biletet og klikk OK. Sjå Konverter til mangekant for ein omtale av dei ulike vala.