MS Office

Fastsett innstillingane for import og eksport av Microsoft Office og andre dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Last inn/Lagra → Microsoft Office


Innbygde objekt

I Innebygde objekt bestemmer du korleis Microsoft Office OLE-objekt eller andre OLE-objekt skal importerast og eksporterast.

Desse innstillingane gjeld når det ikkje finst nokon Microsoft OLE-tenar (for eksempel i UNIX) eller når ingen Collabora Office OLE-tenar er klar til å redigera OLE-objekta.

Viss ein OLE-tenar er aktiv for det innebygde objektet, vert OLE-tenaren brukt for å handtera objektet.

Viss det ikkje er aktivert ein OLE-tenar for objektet, kan innebygde MathType-objekt konverterast til Collabora Office Math-objekt. For å kunna gjera dette, må MathType-objektet ikkje gå ut over MatType 3.1-spesifikasjonane.

Kolonnane [O] og [L]

Avkryssingsfelta [O] og [L] viser oppføringane for det paret av OLE-objekt som kan konverterast når dei vert lasta inn i Collabora Office [O: opna] og/eller lagra i eit Microsoft-format [L: lagra].

Sett eit merke i boksen [O] i kolonnen framføre oppføringa viss eit Microsoft eller andre OLE-objekt skal gjerast om til det spesifiserte Collabora Office OLE-objektet når eit Microsoft eller andre dokument vert lasta inn i Collabora Office.

Sett eit merke i boksen [L] i kolonnen framføre oppføringa viss eit Collabora Office OLE-objekt skal gjerast om til det spesifiserte Microsoft OLE-objektet når eit dokument vert lagra i eit Microsoft-filformat.

Teiknutheving

Microsoft Office har to teiknattributt som liknar Collabora Office si teiknutheving. Bruk denne kontrollen for å velja det attributtet, utheving eller skugge, som Collabora Office skal bruka ved eksport til Microsoft Office sine filformat.

Uthevinga eksporterer den fargen som er nærast Collabora Office sin uthevingsfarge av dei 16 uthevingsfargane Microsoft brukar i Office. Dette gjer det enklare for Office-brukarar å redigera med uthevingsverktøyet i Office-program. Dette er standardinnstillinga i Collabora Office 5.0 til 6.4.

Skuggeleggjing eksporterer alle RGB-fargane til andre teiknattributt i Office. Dette gjer at fargane vert viste nokså likt både i Collabora Office og Microsoft Office-dokument, men Office-brukarar må redigera dette teiknattributtet med eit verktøy som ikkje vert brukt ofte eller er lett å finna i Office-program. Dette er standardinnstillinga sidan Collabora Office 7.0.

tip

Kompabilitetsfilteret i dialogvindauget Uthevingsfarge for teikn inneheld uthevingsfargane brukte i Microsoft Office. Bruk desse fargane og vel Eksporter som: Utheving for å ha både fargelikskap og å gjera redigeringa enklare for brukarar av Office.


Låsefiler

Merk av i avkryssingsfeltet for å laga ei Microsoft Office-låsefil i tillegg til Collabora Office si låsefil. Låsefiler gjev signal til programmet om at ein resurs eller ei fil ikkje skal brukast før låsen vert opna.

tip

Collabora Office kan lesa låsefiler laga av Microsoft Office.


Støtt oss!