Hjelp

Frå «Hjelpmenyen» kan du opna og bla i hjelpesystemet for Collabora Office.

Collabora Office Hjelp

Opnar hovudsida i Hjelp for Collabora Office for programmet som er i bruk. Du kan bla gjennom hjelpesidene. Du kan både søkja etter stikkord og ord i heile teksten.

Ikon Hjelp

Hjelp for Collabora Office

Kva er dette

Slår på utvida tips under musepeikaren slik at dei vert viste til neste klikk.

ikon Kva er dette?'

Kva er dette

Brukarrettleiingar

Opnar dokumentasjonssida i nettlesaren der brukaren kan lasta ned, lesa eller skaffa seg brukarrettleiingar for Collabora Office.

Få hjelp på nettet

Opens the community support page in the web browser. Use this page to ask questions on using Collabora Office. For professional support with service level agreement, refer to the page of professional Collabora Office support.

Send tilbakemelding

Opnar eit skjema (på engelsk) i nettlesaren der du kan rapportere feil i programmet.

Start på nytt i sikker modus

Sikker modus er ein modus der Collabora Office vert opna med ein ny brukarprofil og fråkopla maskinvareakselerasjon. Dette kan vere til hjelp for å gjenopprette ein installasjon av Collabora Office som ikkje fungerer.

Engasjer deg

Opnar sida «Get Involved» i nettlesaren. Sida viser interesseområde der du kan samarbeida med Collabora Office-fellesskapet.

Doner til Collabora Office

Collabora Office er eit gratis program, tilgjengeleg utan betaling.

Donasjonen din, som er heilt frivillig, støttar det verdsomspennande fellesskapet vårt.

Viss du likar programmet, vurder gjerne ein donasjon.

Lisensinformasjon

Viser dialogvindauget for lisensiering og juridisk informasjon.

Collabora Office-bidragsytarar

Viser dokumentet CREDITS.odt som inneheld namna på dei som har bidradd til kjeldekoden i OpenOffice.org (bidrag som også vart importert i LibreOffice) eller LibreOffice sidan 28.09.2010.

Sjå etter oppdateringar

Slå på ei internettkopling for Collabora Office. Dersom du treng Proxy, prøv Collabora Office Proxy-innstillingane i → Internett. Vel så Sjå etter oppdateringar for å sjå om det finst ein nyare versjon av kontorprogrammet.

Om Collabora Office

Viser generell programinformasjon som versjonnummer og opphavsrettar.

Støtt oss!