Collabora Office 22.05 Hjelp
Velkommen til Collabora Office. Takk for at du brukar Collabora Office hjelp for programmet. Trykk F1 når du treng hjelp for å bruka Collabora Office.
Når ingen dokument er opna i Collabora Office vert startsenteret vist. Dette er delt opp i to panel. Klikk på eitt av symbola på det venstre panelet for å opna eit nytt dokument eller eit dialogvindauge for å opna eit dialogvindauge for filer.
Knappen Opna fil opnar dialogvindauget Opna.
Knappen Eksterne filer viser eit Eksterne filer dialogvindauge for å opna filer på eksterne tenarar.
Knappen Tidlegare brukte filer viser til høgre i vindauget miniatyrar av dei dokumenta du har opna tidlegare. Hald musepeikaren over miniatyren for å utheva dokumentet , visa eit tips om kvar det er lagra. Du får då også opp eit symbol oppe til høgre som du kan trykkja på for å sletta miniatyren frå visinga og frå den gjeldande fillista. Klikk på miniatyren for å opna dokumentet.
Du kan fjerna eit element frå lista Tidlegare brukte dokument ved å trykkja på knappen oppe til høgre i ikonet. Sjølve dokumentet vert ikkje sletta, berre oppføringa. Du kan fjerna alle elementa i lista Tidlegare brukte dokument ved å trykkja på nedtrekksknappen i Tidlegare brukte dokument og velja .
Trykk på nedtrekksknappen Malar for å visa på høgre sida i vindauget dei malane som finst.
Trykk på nedoverpila etter knappen Malar for å opna ein meny der du kan velja eit filter for å visa malane etter programtype eller opna dialogvindauget for malhandsamaren.
Høgreklikk på ein mal i det høgre panelet for å opna ein meny der du anten kan opna malen for å laga eit nytt dokument basert på denne malen eller å redigera malen.
Dokumentknappane opnar eit nytt dokument av den valde typen.
Tekstdokument opnar Collabora Office Writer
Rekneark opnar Collabora Office Calc
Presentasjon opnar Collabora Office Impress
Teikning opnar Collabora Office Draw
Formel opnar Collabora Office Math
Base Database opnar Collabora Office Base
Knappen Utvidingar opnar sida https://extensions.libreoffice.org/ der du kan henta malar og tilleggsfunksjonar til bruk i Collabora Office.
Krypterte filer vil ikkje visa eit miniatyrbilete av innhaldet.