Sjå etter oppdateringar

Du kan sjå etter oppdateringar manuelt eller automatisk.

Merknadsikon

Når programmet ser etter oppdateringar, vil det også sjå etter oppdateringar for alle installerte utvidingar.


Vel Hjelp → Sjå etter oppdateringar for å søke manuelt.

Du kan slå den automatiske kontrollen av og på i → Collabora Office → Nettoppdatering.

Du får opp dialogvindauget Sjå etter oppdateringar med informasjon om nettoppdatering av Collabora Office.

  1. Aktivere eit Internettsamband for Collabora Office.

    Dersom du treng ein mellomtenar (proxy), skriv du inn innstillingane for mellomtenaren i → Internett → Mellomtenar.

  2. Vel Sjå etter oppdateringar for å sjå om ein nyare versjon av kontorpakka er tilgjengeleg.

Dersom ein nyare versjon er tilgjengeleg og Collabora Office ikkje er sett opp til å lasta dei ned automatisk, kan du velja ei av desse handlingane:

Dersom Collabora Office er sett opp til å overføra filene automatisk, byrjar nedlastinga straks. Nedlastinga held fram sjølv om du minimerer dialogvindauget.

Dersom automatisk nedlasting er kopla i frå, må du lasta ned manuelt.

Dersom det ikkje vart funne oppdateringar, kan du lukka dialogvindauget.

Åtvaringsikon

Du treng administratorrettar for å oppdatere Collabora Office.


Støtt oss!