Skugge
Set skuggen og skuggeinnstillingane for det merkte 3D-objektet.
Opna lokalmenyen (hĂžgreklikk) for 3D-objektet og vel fana Format â 3D-effektar â Skuggelegging
Skuggeleggjing
Vel skuggetypen som skal brukast pÄ det valde 3D-objektet.
Meir
Vel kva for skuggelegging du vil bruka. Flat skugge gjer kvar enkelt mangekant pÄ overflata einsfarga «Gouraud-skuggelegging» avstemmer fargane over mangekantane. «Phong skuggelegging» gjev eit omtrentleg gjennomsnitt av fargen pÄ kvar piksel ut frÄ pikslane omkring og treng mest prosessorkraft.
Skugge
Legg til eller fjernar ein skugge frÄ det valde 3D-objektet.
Overflatevinkel
Skriv inn ein vinkel mellom 0 og 90 grader for skuggekastinga.
Kamera
Vel innstillingane for det valde 3D-objektet.
Avstand
Vel avstanden mellom kameraet og midten av det valde objektet.
Brennvidde
Skriv inn brennvidda for kameraet. Ein liten verdi svarar til eit «fiskeauge-objektiv» og ein stor verdi til eit teleobjektiv.
Bruk
Trykk her for Ă„ bruka innstillingane i dialogvindauget i det valde objektet.
Oppdater
Trykk her for Ă„ visa alle eigenskapane til det merkte objektet i dialogvindauget.
FĂžrehandsvis felt
Viser ei fĂžrehandsvising av det gjeldande utvalet.
Gjer om til 3-D
Bruk dette ikonet for Ä omforma eit merkt 2D-objekt til eit 3D-objekt. Du kan ogsÄ merkja fleire 2D-objekt og gjera dei om til eitt 3D-objekt. Skal du omforma grupperte 2D-objekt, mÄ du fÞrst lÞysa opp gruppene.
Gjer om til dreieobjekt
Trykk her for Ä gjera om eit 2D-objekt til eit dreieobjekt i 3D. Du ka ogsÄ merkja fleire 2D-objekt og omforma dei til eitt enkelt dreieobjekt i 3D. Skal du omforma ei gruppe av 2D-objekt til 3D, mÄ du fÞrst lÞysa opp gruppene.
Perspektiv pÄ/av
Trykk her for Ä slÄ perspektivvisinga av eller pÄ.