Midtstill vassrett

Midtstiller objekta langs ei vassrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert midten av objektet justert til det vassrette midtpunktet på sida.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Juster → Midtstilt (Collabora Office Writer og Collabora Office Calc).

Vel Form → Juster → Midtstilt (med merkte objekt) (Collabora Office Draw).

På linja Juster (Collabora Office Impress og Collabora Office Draw), trykk

Ikon Midtstilt

Midtstilt


Den loddrette plasseringa av dei merkte objekta vert ikkje påverka.

Støtt oss!