Collabora Office 22.05 Hjelp
Lagra dokumentet på ein annan plass, med eit anna filnamn eller som ein annan filtype.
Collabora Office brukar filhandsamaren i vindaugehandteraren i operativsystemet for kommandoen .
For å lagra eit dokument som mal, bruk kommandoen Fil → Lagra som mal.
Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.
Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.
Lagra alltid dokumentet i ein Collabora Office-filtype før du lagrar det som ein ekstern filtype. Når du eksporterer til ein ekstern filtype, kan noko av formateringa gå tapt.
Lagrar fila.
Vern fila med eit passord. Passordet må skrivast inn kvar gong ein brukar skal opna fila.
Berre dokument som brukar det Collabora Office XML-baserte formatet kan lagrast med eit passord.
Bruk OpenGP sine offentlege nøklar for å kryptere dokumenta.
Lèt deg velja innstillingar for lagring av rekneark for nokre typar datafiler.
Eksporterer berre dei valde bileta i Collabora Office Draw og Impress til andre format. Om det ikkje er merkt av i denne boksen, vert heile dokumentet eksportert.
Eksporterer du til ein dokumentfiltype, vert heile dokumentet eksportert.