Collabora Office 22.05 Hjelp
Nedanfor er alle menyane, undermenyane og dialogvindauga i Collabora Office Draw skildra.
Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.
Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.
Denne menyen inneheld funksjonar som for eksempel opna, lukk og skriv ut. Du kan avslutta Collabora Office Draw med Avslutt.
Funksjonane i denne menyen kan du bruka for å redigera Draw-teikningar (for eksempel klipp og lim).
Denne menyen lèt deg setja inn element i Draw-teikningar, som for eksempel andre teikningar og hjelpelinjer.
I denne menyen finn du verktøy for Collabora Office Draw. Du kan òg endra språk og andre innstillingar.