Collabora Office 22.05 Hjelp
Som standard retter Collabora Office automatisk opp mange vanlige skrivefeil og påfører formatering medan du skriv. Når de skjer, kan du gjere om automatiske endringar med CmdCtrl + Z.
Nedanfor vert det forklart korleis du kan slå av og på automatiske endringar i Collabora Office Calc:
Når du fyller inn celler, føreslår Collabora Office Calc automatisk liknande innhald frå same kolonne. Denne funksjonen vert kalla autoinntasting.
For å slå autoinntasting av og på, set eller fjernar du merket framføre Verktøy → Autoinntasting.
Collabora Office Calc konverterer automatisk bestemte innskrivingar til dato. For eksempel kan 1.1 tolkast til å vera 1. januar i det gjeldande året ut frå dei lokale innstillingane i operativsystemet. Innskrivinga vert i så tilfelle vist i det valde datoformatet for cella.
Skriv inn ein apostrof (') først i teksten dersom du vil vera sikker på at det du skriv inn vert tolka som tekst. Apostrofen vert ikkje vist i cella.
Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting. Gå til fana Lokaliserte val og fjern merkinga for Erstatt.
Vel . Gå til fana og fjern markeringa for .
Vel . Gå til fana . Merk ordparet og trykk på .