Tilleggsfunksjonar

I dette avsnittet vert nokre av dei tilgjengelege tilleggsfunksjonane forklarte.

Tilleggsomgrep

I hjelp kan du også finna ein omtale av grensesnittet for tilleggsfunksjonar i Collabora Office Calc. I tillegg er viktige funksjonar og parametra deira omtalte i hjelp for .

Tilgjengelege tilleggsfunksjonar

Collabora Office indeheld eksempel på grensesnittet for tilleggsfunksjonar i Collabora Office Calc.

Analysefunksjonar del ein

Analysefunksjonar del to

DAGAR.I.MÅNADEN (DAYSINMONTH på engelsk)

Reknar ut kor mange dagar det er i månaden som inngår i den innskrivne datoen.

Syntaks

DAGAR.I.MÅNADEN(Dato)

Dato er ein dato i den respektive månaden i det ønskte året. Datoparameteren må vera ein gyldig dato ut frå dei lokale innstillingane i Collabora Office

Eksempel

DAGAR.I.MÅNADEN(A1) returnerer 29 dagar viss A1 inneheld 17/2/68, som er ein gyldig dato i februar 1968.

DAGAR.I.ÅRET (DAYSINYEAR på engelsk)

Reknar ut kor mange dagar det er i det året den innskrivne datoen finst i.

Syntaks

DAGAR.I.ÅRET(Dato)

Dato er ein av alle datoar i det aktuelle året. Datoen må vera ein gyldig dato ut frå dei lokale innstillingane i Collabora Office.

Eksempel

DAGAR.I.ÅRET(A1) returnerer 366 dagar viss A1 inneheld 29/2/68, som er ein gyldig dato i året 1968.

ER.SKOTÅR (ISLEAPYEAR på engelsk)

Bestemmer om eit år er et skotår eller ei. Viss ja, vil funksjonen returnera verdien 1 (SANN). Viss nei, vil funksjonen returnera 0 (USANN).

Syntaks

ER.SKOTÅR(Dato)

Dato viser om ein gjeven dato er i eit skotår. Datoparameterane må vere ein gyldig dato.

Eksempel

=ER.SKOTÅR(A1) returnerer 1, viss A1 inneheld 29/2/1968, som er den gyldige datoen 29. februar 1968 i dei lokale innstillingane.

Du kan også bruka =ISLEAPYEAR(DATE(1968;2;29)) eller =ISLEAPYEAR("1968-02-29") i ISO 8601-notasjon.

Bruk aldri ER.SKOTÅR(29/2/68), fordi dette først vil dividera 29 med 2 og så dividera resultatet med 68 for til slutt finna ut om resultatet (som datotal) er eit skotår.

MÅNADAR (MONTHS på engelsk)

Reknar ut skilnaden i månadar mellom to datoar.

Syntaks

MÅNADAR(Startdato; Sluttdato; Type)

Startdato er den første datoen

Data2 er det andre datasettet.

Type reknar ut typen av skilnad. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (i kalendermånadar).

ROT13 (ROT13 på engelsk)

Krypterer ein bokstavstreng ved å flytta bokstavane 13 plassar i alfabetet. Etter siste bokstav i alfabetet byrjar han frå starten (rotasjon). Ved å bruka krypteringsfunksjonen på den krypterte koden, kan du dekryptera teksten.

Syntaks

ROT13(Tekst)

Tekst er tekststrengen som skal krypterast. ROT13(ROT13(Tekst)) dekrypterer koden.

Eksempel

=ROT13("Gur Qbphzrag Sbhaqngvba jnf sbhaqrq va Frcgrzore 2010.") returnerer strengen «The Document Foundation was founded in September 2010.». Merk korleis mellomrom, siffer og punktum ikkje er påverka av ROT13.

tip

Sjå wikisida ROT13 for å sjå meir om denne funksjonen.


TAL.PÅ.ÅR (YEARS på engelsk)

Reknar ut skilnaden i år mellom to datoar.

Syntaks

TAL.PÅ.ÅR(Startdato; Sluttdato; Type)

Startdato er den første datoen

Data2 er det andre datasettet.

Type: reknar ut skilnadstypen. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (i kalenderår).

VEKER.I.ÅRET (WEEKSINYEAR på engelsk)

Reknar ut kor mange veker det er i det året den innskrivne datoen finst i. Talet på veker er definert slik: Ei veke som går over to år vert lagt til det året som inneheld flest dagar i denne veka.

Syntaks

VEKER.I.ÅRET(Dato)

Dato er alle datoar i eit visst år. Datoparameteren må vera ein gyldig dato i høve til dei lokale innstillingane for Collabora Office.

Eksempel

VEKER.I.ÅRET(A1) returnerer 53 viss A1 inneheld 17/2/70, som er ein gyldig dato i året 1970.

VEKER (WEEKS på engelsk)

Reknar ut skilnaden i veker mellom to datoar.

Syntaks

VEKER(Startdato; Sluttdato; Type)

Startdato er den første datoen

Data2 er det andre datasettet.

Type: Reknar ut skilnadstypen. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (tal på veker).

Tilleggsfunksjonar via Collabora Office API

Tilleggsfunksjonar kan også leggjast inn via Collabora OfficeAPI.

Støtt oss!