Collabora Office 22.05 Hjelp
Går ut av Do...Loop, For...Next, ein funksjon, ein eigenskap eller ein subroutine.
Exit Do, Exit For, Exit Function, Exit Property, Exit Sub
Exit Do
Er gyldig berre i eit DO … LOOP-uttrykk for å avslutta sløyfa. Programmet vil halda fram med uttrykket som kjem etter LOOP-uttrykket. Viss DO … LOOP-uttrykket er nøsta, vert kontrollen overført til det neste, høgare nivået.
Exit For
Gyldig berre inne i ei FOR … NEXT-sløyfe for å gå ut av sløyfa. Programmet vil halda fram med det første uttrykket som kjem etter NEXT-uttrykket. I nøsta uttrykk vert kontrollen overført til sløyfa i det neste, høgare nivået.
Exit Function
Når programmet møter EXIT, går det straks ut av Function-prosedyren og held fram med uttrykket som kjem etter Function-kallet.
Exit Property
Går straks ut av prosedyren Property og held fram med uttrykket som kjem etter Property-oppkallet.
Exit Sub
Når programmet møter EXIT, går det straks ut av SUB-rutinen og held fram med uttrykket som kjem etter SUB-kallet.
Exit-uttrykket definerer ikkje slutten på ein struktur og må ikkje forvekslast med END-uttrykket.
Sub ExampleExit
Dim sReturn As String
Dim sListArray(10) As String
Dim siStep As Single
For siStep = 0 To 10 ' Fyll tabellen med testdata
sListArray(siStep) = chr(siStep + 65)
MsgBox sListArray(siStep)
Next siStep
sReturn = LinSearch(sListArray(), "B")
Print sReturn
End Sub
Function LinSearch( sList(), sItem As String ) As Integer
Dim iCount As Integer
' LinSearch søker i TextArray:sList() etter eit tekstuttrykk:
' Returnerer indeksen for oppføringa eller 0 (null)
For iCount=1 To Ubound( sList() )
If sList( iCount ) = sItem Then
Exit For ' sItem funne
End If
Next iCount
If iCount = Ubound( sList() ) Then iCount = 0
LinSearch = iCount
End Function