CurDir-funksjonenn

Returnerer ein variantstreng som inneheld den gjeldande stien .

warning

Nokre DOS-spesifikke fil- og mappefunksjonar finst ikkje lenger, eller finst i avgrensa versjonar, i Collabora Office. For eksempel vert ikkje ChDir, ChDrive og CurDir støtta. Nokre DOS-spesifikke eigenskapar vert ikkje lenger brukte i funksjonar som ventar fileigenskapar som parameterar (for eksempel for å skilja mellom gøymde filer og systemfiler). Dette sikrar at Collabora Office er mest mogleg uavhengig av kva plattform som er i bruk. Difor må ein rekna med at desse vert fjerna i nær framtid.


note

Biblioteket ScriptForge i Collabora Office 7.1 introduserte tenesta FileSystem med metodar for å handsama filer og mapper i brukarskript.


Syntaks:


CurDir [(Text As String)]

Returverdi:

Streng

Parametrar:

Text: Kva strenguttrykk som helst som spesifiserer eit eksisterande lagringsmedium, for eksempel «C» for den første partisjonen på den første harddisken. Denne parameteren vert brukt berre i Windows.

Viss det ikkje er spesifisert nokon drivar eller spesifikasjonen er ein streng med lengd null (""), returnerer CurDir stien til den gjeldande drivaren. Collabora Office Basic rapporterer ein feil viss syntaksen i drivar-beskrivinga er feil eller at drivaren ikkje finst.

Denne funksjonen skil ikkje mellom store og små bokstavar.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

68 Eininga er ikkje tilgjengeleg

7 Ikkje nok minne

51 Intern feil

Eksempel:


  Sub ExampleCurDir
      Dim sDir1 As String, sDir2 As String
      sDir1 = "C:\Test"
      sDir2 = "D:\Private"
      ChDir( sDir1 )
      MsgBox CurDir
      ChDir( sDir2 )
      MsgBox CurDir
  End Sub

Støtt oss!