Tenesta SFDocuments.Document

Biblioteket SFDocuments gjev metodar og eigenskapar for å letta handsaming og manipulering av LibreOffice-dokument.

Metodar som kan brukast på alle typar av dokument (tekstdokument, rekneark, presentasjonar og så vidare) vert leverte av tenesta SFDocuments.Document. Nokre eksempel er:

warning

Dei eigenskapane, metodane eller argumenta som er merkte med (*) kan IKKJE brukast på database-dokument.


Metodar og eigenskapar som er spesifikke for LibreOffice-komponentar vert lagra i åtskilde tenester, som for eksempel SFDocuments.SF_Calc og SFDocuments.SF_Base.

Sjølv om Basic-språket ikkje tilbyr nedarving mellom objektklassar, kan objektklassane sjåast på som underklasser av tenesta SFDocuments.Document. Slike underklassar kan kalla opp dei eigenskapane og metodane som er omtalte nedanfor.

Oppkall av tenester

Nedanfor finn du tre ulike måtar å kalla opp tenesta Document.

I Basic

Med metoden getDocument frå tenesta ScriptForge.UI:


    Dim ui As Object, oDoc As Object
    Set ui = CreateScriptService("UI")
    Set oDoc = ui.GetDocument("Untitled 1")
  

Du kan også bruka metodane CreateDocument og OpenDocument frå tenesta UI.


    Set oDocA = ui.CreateDocument("Calc")
    Set oDocB = ui.OpenDocument("C:\Documents\MyFile.odt")
  

Direkte viss dokumentet alt er opna.


    Dim oDoc As Object
    Set oDoc = CreateScriptService("SFDocuments.Document", "Untitled 1") 'Default = ActiveWindow
  

Frå ein makro utløyst av ei dokument-hending.


    Sub RunEvent(ByRef poEvent As Object)
        Dim oDoc As Object
        Set oDoc = CreateScriptService("SFDocuments.DocumentEvent", poEvent)
        ' (...)
    End Sub
  
note

Tenesta Document er i nær slekt med tenestene UI og FileSystem.


Bortsett frå når dokumentet vart lukka av eit program med CloseDocument-metoden (det er då overflødig),vert det tilrådd å frigjera ressursar etter bruk:


    Set oDoc = oDoc.Dispose()
  
I Python

    from scriptforge import CreateScriptService
    ui = CreateScriptService("UI")
    doc = ui.GetDocument("Untitled 1")
    # (...)
    doc.Dispose()
  

    docA = ui.CreateDocument("Calc")
    docB = ui.OpenDocument("C:\Documents\MyFile.odt")
  

    doc = CreateScriptService("SFDocuments.Document", "Untitled 1")
  

    def RunEvent(event)
        doc = CreateScriptService("SFDocuments.DocumentEvent", Event)
        # (...)
  
tip

Bruk av prefikset «SFDocuments.» ved oppkall av tenesta er frivillig.


Eigenskapar

Namn

Skriveverna

Type

Beskriving

CustomProperties (*)

Nei

Dictionary service

Returnerer ein objektførekomst frå ScriptForge.Dictionary. Etter ei oppdatering kan den igjen sendast til den gjeldande eigenskapen som oppdaterer dokumentet.
Individuelle element i ordboka kan vera anten strenge, tal, (Basic-)dato eller com.sun.star.util.Duration-element.

Description (*)

Nei

String

Gjev tilgang til dokumenteigenskapen Description (også kjend som «Nerknadar»)

DocumentProperties (*)

Ja

Dictionary service

Returnerer eit ScriptForge.Dictionary-objekt som inneheld alle oppføringane. Dokumentstatistikk er inkludert. Legg merke til at dei er spesifikke for dokumenttypen. For eksempel inneheld eit Calc-dokument ei CellCount-oppføring. Andre dokument gjer det ikkje.

DocumentType

Ja

String

Strengverdi med dokumenttypen («Base», «Calc», «Writer» og så vidare)

IsBase
IsCalc
IsDraw
IsImpress
IsMath
IsWriter

Ja

Boolean

Nøyaktig éin av desse eigenskapane er Sann for eit gjeve dokument.

Keywords (*)

Nei

String

Gjev tilgang til nøkkelordeigenskapen for dokumentet. Representert som ei kommadelt liste over nøkkelord

Readonly (*)

Ja

Boolean

True viss dokumentet faktisk er i skriveverna tilstand

Subject (*)

Nei

String

Gjev tilgang til emne-eigenskapen for dokumentet.

Title (*)

Nei

String

Gjev tilgang til tittel-eigenskapen for dokumentet.

XComponent

Ja

UNO-objekt

UNO-objektet com.sun.star.lang.XComponent eller com.sun.star.comp.dba.ODatabaseDocument, som representerer dokumentet


Eksempel:

I Basic

Eksempelet nedanfor skriv ut alle eigenskapane brukte i dokument. Merk at objektet oDoc, som vert returnert av metoden UI.OpenDocument, er eit SFDocuments.Document-objekt.


    Dim ui as Variant : Set ui = CreateScriptService("UI")
    Dim oDoc as Object
    Set oDoc = ui.OpenDocument("C:\Documents\MyFile.ods")
    Dim propDict as Object
    Set propDict = oDoc.DocumentProperties
    Dim keys as Variant : propKeys = propDict.Keys
    Dim k as String, strProp as String
    For Each k In propKeys
        strProp = strProp & k & ": " & propDict.Item(k) & CHR$(10)
    Next k
    MsgBox strProp
    oDoc.CloseDocument()
  
I Python

For få tilgang til dokumenteigenskapar i eit Python-skript som brukaren treng for å få direkte tilgang til dei ved hjelp av namna, som vist nedanfor:


    doc = ui.GetDocument(r"C:\Documents\MyFile.ods")
    msg = doc.Title + '\n' + doc.Description + '\n' + doc.Keywords
    bas = CreateScriptService("Basic")
    bas.MsgBox(msg)
    doc.CloseDocument()
  

Liste over metodar i tenesta document

Activate
CloseDocument
ExportAsPDF

PrintOut
RunCommand
Save

SaveAs
SaveCopyAs
SetPrinter


Activate

Returnerer Sann viss dokumentet kunne aktiverast. Elles er det inga endring i det faktiske brukargrensesnittet. Det svarar til metoden Activate i tenesta UI.

Denne metoden er nyttig når ein må fokusera på eit dokument som er minimert eller gøymd.

Syntaks:

svc.Activate(): bool

Eksempel:

Eksempelet nedanfor finn at fila «Mi_Fil.ods» alt er opna, men ikkje aktiv.

I Basic

    Dim oDoc As Object
    Set oDoc = CreateScriptService("Document", "MyFile.ods")
    oDoc.Activate()
  
I Python

    doc = CreateScriptService("Document", "MyFile.ods")
    doc.Activate()
  
tip

Hugs at du kan kalla opp tenesta Document ved å overføra anten «Document» eller «SFDocuments.Document» til tenesta CreateScriptService


CloseDocument

Lukker dokumentet. Viss dokumentet alt er lukka, same korleis, har denne metode ingen verknad og returnerer Usann.

Metoden returnerer også Usann viss brukaren avviser å lukka han.

Returnerer Sann viss det lukkast å lukka dokumentet.

Syntaks:

svc.CloseDocument(saveask: bool = True): bool

Parametrar:

saveask: Viss Sann (standard) vert brukaren beden om å stadfesta om endringane skal skrivast til lagringsmediumet. Argumentet vert ignorert om det ikkje er gjort endringar i dokumentet.

Eksempel:

I Basic

    If oDoc.CloseDocument(True) Then
        ' ...
    End If
  
I Python

    if doc.CloseDocument(True):
        # ...
  

ExportAsPDF

Eksporterer dokumentet direkte som ei PDF-fil til den gjevne plasseringa. Returnerer Sann viss PDF-fila vart laga.

Innstillingane for eksport kan setjast anten manuelt med dialogvindauget Fil → Eksporter som → Eksporter som PDF eller ved å kalla opp metodane GetPDFExportOptions og SetPDFExportOptions frå tenesta Session.

Syntaks:

svc.ExportAsPDF(filename: str, overwrite: bool = False, opt pages: str, opt password: str, opt watermark: str): bool

Parametrar:

filnamn: Den fullstendige stien og filnamnet på PDF-fila som skal lagast. Det må følgja notasjonen i SF_FileSystem.FileNaming.

overskriv: Spesifiserer om målcella kan overskrivast (Standard = Usann). Det kjem opp ei feilmelding viss overwrite er sett til Usann og målfila finst frå før.

sider: Streng som spesifiserer kva for sider som skal eksporterast. Dette argument brukar den same notasjonen som i dialogvindauget Filer → Eksporter som → Eksporter som PDF.

password: Spesifiserer eit passord for å opna PDF-fila.

vassmerke: Tekst som skal brukast som vassmerke i PDF-fila og som vert sett inn på kvar side i PDF-dokumentet.

Eksempel:

I Basic

Eksempelet nedanfor eksporterer det gjeldande dokumentet som ei PDF-fil, definerer eit passord og overskriv målfila viss denne finst frå før.


    oDoc.ExportAsPDF("C:\User\Documents\myFile.pdf", Password := "1234", Overwrite := True)
  

Kodesnutten nedanfor hentar dei gjeldande innstillingane for eksport av PDF og brukar desse for å laga PDF-fila.


    Dim exportSettings as Object, oSession as Object
    oSession = CreateScriptService("Session")
    exportSettings = oSession.GetPDFExportOptions()
    ' Set innstillinga for eksport av merknadar som PDF-notat til Sann.
    exportSettings.ReplaceItem("ExportNotes", True)
    oSession.SetPDFExportOptions(exportSettings)
    oDoc.ExportAsPDF("C:\User\Documents\myFile.pdf")
  
I Python

    doc.ExportAsPDF(r"C:\User\Documents\myFile.pdf", password = "1234", overwrite = True)
  

    session = CreateScriptService("Session")
    exportSettings = oSession.GetPDFExportOptions()
    exportSettings.ReplaceItem("ExportNotes", True)
    session.SetPDFExportOptions(exportSettings)
    doc.ExportAsPDF(r"C:\User\Documents\myFile.pdf")
  

PrintOut

Denne metoden sender innhaldet i dokument til standardskrivaren eller til den skrivaren som er definert med metoden SetPrinter.

Returnerer Sann viss utskrivinga av dokumentet lukkast.

Syntaks:

svc.PrintOut(pages: str = "", copies: num = 1): bool

Parametrar:

sider: Sidene som skal skrivast ut som ein streng, som i brukargrensesnittet. Eksempel: «1-4;10;15-18». Standard er alle sidene.

kopiar: Talet på kopiar. Standard er 1.

Eksempel:

I Basic

    If oDoc.PrintOut("1-4;10;15-18", Copies := 2) Then
        ' ...
    End If
  
I Python

    if doc.PrintOut(copies=3, pages='45-88'):
        # ...
  

RunCommand

Køyrer ein kommando på eit dokument. Kommandoen vert utført utan argument.

Nokre få typiske kommandoar er Lagra, Lagra som, EksporterTilPDF, SetDokumenteigenskapar, Angra, Kopier, Sett inn og så vidare.

Dokumentet treng ikkje vera aktivt for å kunna køyra kommandoar.

Syntaks:

svc.RunCommand(command: str)

Parametrar:

kommando: Streng, som skil mellom store og små bokstavar, med kommandoen på engelsk. Det vert ikkje kontrollert at strengen er korrekt. Viss det ikkje skjer noko etter oppkallet med kommandoen, er ham sannsynlegvis feil.

Eksempel:

Eksempelet nedanfor køyrer «SelectData»-kommandoen i eit Calc-ark kalla «MiFil.ods», som vil resultere i val av dataområdet basert på den merkte cella.

I Basic

    Set oDoc = CreateScriptService("Document", "MyFile.ods")
    oDoc.RunCommand("SelectData")
  
I Python

    doc = CreateScriptService("Document", "MyFile.ods")
    doc.RunCommand("SelectData")
  

Eksempelet ovanfor køyrer faktisk UNO-kommandoen uno:SelectData. Difor er det nødvendig å bruka metoden RunCommand (Køyr kommando) for å fjerna delstrengen «uno:».

tip

Kvar LibreOffice-komponent har tilgang til sitt eige kommando-sett. Ein grei måte å læra kommandoane på, er å gå til Verktøy → Tilpass → Tastatur. Når du set musa over ein funksjon på lista Funksjon, vert det vist eit verktøytips saman med den tilsvarande UNO-kommandoen.


Save

Lagrar dokumentet der det vart henta frå. Metoden vert ignorert viss dokumentet ikkje er endra.

Returnerer Usann viss dokumentet ikkje kan lagrast. Det vert sett opp ein feil viss fila er opna som skriveverna eller viss det er ei ny fil utan namn.

Dokumentet treng ikkje vera aktivt for å bruk denne metoden.

Syntaks:

svc.Save(): bool

Eksempel:

I Basic

    If Not oDoc.Save() Then
        ' ...
    End If
  
I Python

    if not doc.Save():
        # ...
  

SaveAs

Lagrar dokumentet i den gjevne filplasseringa. Den nye plasseringa vert det nye filnamnet som vert brukt av det enkle metodekallet «Lagra».

Returnerer Usann viss dokumentet ikkje kan lagrast. Der vert sett opp ein feil viss målet ikkje kan overskrivast eller når målet er skriveverna.

Dokumentet treng ikkje vera aktivt for å bruk denne metoden.

Syntaks:

svc.SaveAs(filename: str, overwrite: bool = False, password: str = '', filtername: str = '', filteroptions: str = ''): bool

Parametrar:

filnamn: Ein streng som inneheld det filnamnet som skal brukast. Namnet må følgja notasjonen SF_FileSystem.FileNaming.

overskriv: Viss Sann kan målfila overskrivast (standard = Usann.

passord (*): Ein streng utan mellomrom som skal brukast for å verna dokumentet.

filternamn (*): Namnet på eit filter som skal brukast for å lagra dokumentet. Viss argumentet vert sendt vidare, må filteret finnast.

filterinnstillingar (*): Ein valfri streng med innstillingar for dette filteret.

Eksempel:

I Basic

    oDoc.SaveAs("C:\Documents\NewCopy.odt", overwrite := True)
  
I Python

    doc.SaveAs(r"C:\Documents\NewCopy.odt", overwrite = True)
  

SaveCopyAs

Lagrar ein kopi eller eksporterer dokumentet til den gjevne filplasseringa. Den aktuelle plasseringa vert ikkje endra.

Returnerer Usann viss dokumentet ikkje kan lagrast. Der vert sett opp ein feil viss målet ikkje kan overskrivast eller når målet er skriveverna.

Dokumentet treng ikkje vera aktivt for å bruk denne metoden.

Syntaks:

svc.SaveCopyAs(filename: str, overwrite: bool = False, password: str = '', filtername: str = '', filteroptions: str = ''): bool

Parametrar:

filnamn: Ein streng som inneheld det filnamnet som skal brukast. Namnet må følgja notasjonen SF_FileSystem.FileNaming.

overskriv: Viss Sann kan målfila overskrivast (standard = Usann.

passord (*): Ein streng utan mellomrom som skal brukast for å verna dokumentet.

filternamn (*): Namnet på eit filter som skal brukast for å lagra dokumentet. Viss argumentet vert sendt vidare, må filteret finnast.

filterinnstillingar (*): Ein valfri streng med innstillingar for dette filteret.

Eksempel:

I Basic

    oDoc.SaveCopyAs("C:\Documents\Copy2.odt", Overwrite := True)
  
I Python

    doc.SaveCopyAs(r"C:\Documents\Copy2.odt", overwrite = True)
  

SetPrinter

Definerer innstillingane for utskriving av dokument.

Returnerer Sann når han lukkast.

Syntaks:

svc.SetPrinter(opt printer: str, opt orientation: str, paperformat: str): bool

Parametrar:

printer: Namnet på utskriftskøen det skal skrivast til. Når denne manglar, vert standardskrivaren sett.

papirretning: Anten PORTRAIT (ståande) eller LANDSCAPE (liggjande). Når denne manglar vert feltet ikkje endra i høve til skrivarinnstillingane.

papirformat: Spesifiserer papirformatet som ein strengverdi som kan vera anten A3, A4, A5, LETTER, LEGAL eller TABLOID. Vert ikkje endra om denne manglar.

Eksempel:

I Basic

    oDoc.SetPrinter(Orientation := "PORTRAIT")
  
I Python

    doc.SetPrinter(paperformat='TABLOID')
  
warning

Alle ScriptForge Basic-rutinane og -identifikatorane som vert innleidde med understrek «_» er reserverte for internt bruk. Dei er ikkje meint brukte i Basic-makroar.


Støtt oss!