Tabell
Viser alle funksjonar som kan brukast for å setja inn, redigera og fjerna ein tabell i eit tekstdokument.
Set inn ein ny tabell.
Set inn
Kolonnar
Set inn kolonnar.
Rader
Set inn rader.
Slett
Tabell
Slettar den gjeldande tabellen.
Kolonnar
Slettar dei valde kolonnane.
Rader
Slettar dei valde radene.
Vel
Tabell
Vel den gjeldande tabellen.
Kolonne
Vel den gjeldande kolonnen.
Rad
Vel den gjeldande rada.
Celle
Vel den gjeldande cella.
Slår saman innhaldet av dei valde tabellcellene til éi enkelt celle.
Deler cella eller cellegruppa vassrett eller loddrett i så mange celler som du skriv inn.
Slår saman to tabellar som ligg etter kvarandre til ein enkelt tabell. Tabellane må vera rett ved sida av kvarandre og ikkje skilde frå kvarandre med eit tomt avsnitt.
Deler tabellen opp i to tabellar ved skrivemerket. Du kan òg velja denne kommandoen ved å høgreklikka i ei tabellcelle.
Formaterer den gjeldande tabellen automatisk, medrekna skrift, skuggelegging og kantlinjer.
Autotilpass
Kolonnebreidd
Opnar dialogvindauget for kolonnebreidd, der du kan endra breidda til ein kolonne.
Tilpassar automatisk breidda på alle kolonnane slik at dei passar til celleinnhaldet. Når du endrar breidda til éin kolonne, vert ikkje breidda på dei andre kolonnane i tabellen påverka. Breidda på tabellen kan ikkje vera større enn sidebreidda.
Justerer breidda til dei markerte kolonnane slik at dei svarar til den breiaste kolonnen i utvalet. Den totale tabellbreidda kan ikkje vera større enn sidebreidda.
Radhøgd
Opnar dialogvindauget for radhøgd, der du kan endra høgda på ei rad.
Juster høgda på radene automatisk til å passa med innhaldet i cellene.
Justerer høgda til dei markerte radene slik at dei svarar til den høgste rada i utvalet.
Del over sider
Tillet sideskift i den gjeldande rada.
Gjenta overskriftstrader
Gjentek tabelloverskriftene på dei neste sidene dersom tabellen går over meir enn éi side.
Gjer om
Tekst til tabell
Opnar eit dialogvindauge der du kan gjera om den markerte teksten til ein tabell.
Tabell til tekst
Opnar eit dialogvindauge der du kan gjera om den gjeldande tabellen til tekst.
Sorterer dei valde avsnitta eller tabellradene alfabetisk eller numerisk. Du kan velja opptil tre sorteringsnøklar og i tillegg kombinera sortering med tal og bokstavar.
Formel
Opnar formellinja der du kan skriva inn eller endra på ein formel.
Talformat
Opnar eit dialogvindauge der du kan bestemma talformatet i tabellen.
Viser eigenskapane til den valde tabellen, for eksempels namn, justering, avstand, kolonnebreidd, kantlinjer og bakgrunn.