Collabora Office 21.06 Hjelp
Fotnotar refererer til meir informasjon om eit emne nedst på sida, medan sluttnotar refererer til informasjon på slutten av dokumentet. Collabora Office nummererer fotnotar og sluttnotar automatisk.
Trykk på den staden i dokumentet der du vil plassera referansepunktet til fot-/sluttnoten.
Vel Set inn → Fotnote og sluttnote → Fotnote eller Sluttnote.
Vel formatet du vil bruka i området . Viss du vel , trykk på knappen og vel teiknet du vil bruka på fotnoten.
I området , vel eller .
Trykk OK.
Skriv inn fot-/sluttnoten.
Du kan også setja inn fotnotar ved å trykkja på ikonet Set inn fotnote direkte på verktøylinja Set inn.
Musepeikaren endrar seg til ei hand når du held musa over referansepunktet til ein fotnote eller sluttnote i dokumentet.
For å redigera teksten i ein fotnote eller sluttnote, trykk på han, eller på referansepunktet i teksten.
For å endra formatet på ein fotnote, klikk i fotnoten og trykk på Cmd + TF11 for å opna stilhandsamaren. I denne høgreklikkar du på «Fotnote» i lista og deretter Endra.
For å gå frå ein fotnote eller sluttnote til referansepunktet i teksten, trykk «Page Up».
For å redigera nummereringseigenskapane for fotnote- og sluttnoteteikn, trykk framføre teiknet og vel Rediger → Fotnote.
For å endra formateringa Collabora Office brukar på fot- og sluttnotar, vel Verktøy → Fotnotar og sluttnotar.
For å redigera tekstområdet for fot- og sluttnotar, vel Format → Side og trykk på fana Fotnote.
For å fjerna ein fotnote, slett fotnoteteiknet i teksten.