Dokument

Felt vert brukte til å setja inn informasjon om det gjeldande dokumentet, for eksempel filnamn, mal, statistikk, brukarinformasjon, dato og klokkeslett.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Dokument


Type

Listar ut dei tilgjengelege felttypane. For å leggja til felt i dokumentet, klikk på eit felt i lista vel og klikk så på Set inn. Desse felta er tilgjengelege:

Type

Tyding

Forfattar

Namnet eller initialane til den gjeldande brukaren (slik det er skrive inn i Collabora Office → Brukardata).

Kapittel

Set inn kapittelnummeret og/eller kapittelnamnet.

Dato

Set inn gjeldande dato. Du kan setja inn datoen som eit fast felt – Dato (fast) – som ikkje vert endra, eller som eit dynamisk felt – Dato – som vert oppdatert automatisk. Du kan oppdatera feltet Dato manuelt ved å trykkja F9.

Filnamn

Set inn filnamnet og/eller stien til mappa til det gjeldande dokumentet saman med filnamnet utan filetternamn.

Side

Set inn sidetalet til den gjeldande, førre eller neste sida i dokumentet.

Avsnittsignatur

Set inn eit metadatafelt med ein signatur for avsnittet. Du må ha ein digital signatur for å signera eit avsnitt.

Sendar

Set inn felt som inneheld brukardata. Du kan endra den viste brukarinformasjonen ved å velja Collabora Office → Brukarinformasjon.

Statistikk

Set inn dokumentstatistikk, som teljing av sider og ord, som eit felt. Vel Fil → Eigebskapar og fana Statistikkar for å sjå statistikkane.

Malar

Set inn filnamnet, stien eller filnamnet utan filutvidingane til den gjeldande malen. Du kan også setja inn namnet på den «kategorien» og «stilen» som malen brukar.

Klokkeslett

Set inn det gjeldande klokkeslettet. Du kan setja inn klokkeslettet som eit fast felt − Klokkeslett (fast) − som ikkje vert endra eller som eit dynamisk felt − Klokkeslett − som vert oppdatert automatisk. Du kan oppdatera feltet Klokkeslett manuelt ved å trykkja F9.


note

Feltet nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Vel

Listar ut dei tilgjengelege felta for felttypen vald i type-lista. Du set inn eit felt ved å klikka på det og deretter klikka på Set inn.

tip

Du kan raskt setja inn eit felt frå lista Vel ved å dobbeltklikka på feltet.


Format

Klikk på formatet du vil bruka på det valde feltet eller klikk på «Tilleggsformat» for å laga eit sjølvdefinert format.

Når du trykkjer «Fleire format», vert dialogvindaugetTalformat opna slik at du kan laga eit sjølvvald format.

Viss du vel «Kapittelnummer utan skiljeteikn» for eit kapittelfelt, vert dei skiljeteikna som er oppgjevne for kapittelnummer i Verktøy → Kapittel-nummerering ikkje viste.

Viss du vel «Kapittelnummer» som format for referansefelt, vil feltet berre visa nummeret til kapitteloverskrifta som inneheld objektet det vert vist til. Viss avsnittsstilen for kapitteloverskrifta ikkje er nummerert, vil feltet vera tomt.

note

Ved HTML-eksport og import av dato- og klokkeslettfelt, vert spesielle Collabora Office-format brukt.


Fast innhald

Set inn feltet som statisk innhald. Dette betyr at feltet ikkje kan oppdaterast.

Nivå

Skriv inn disposisjonsnivået for det kapittelet som skal visast. Det innsette feltet vil visa ein verdi som er henta frå det siste avsnittet med det gjevne disposisjonsnivået før det innsette feltet.

Forskyving

Skriv inn forskyvinga for sidenummerfeltet, for eksempel «+1».

Viss du ønskjer det, kan du skriva inn ei forskyving for sidetalet som vert vist. Skriv du inn verdien 1 for forskyving, vil feltet vise eit tal som er lik gjeldande sidenummer pluss 1. Dette gjeld berre viss sida finst. I den siste sida i dokumentet vil dette feltet vera tomt.

tip

Viss du vil endra det faktiske sidetalet og ikkje sidetalet som vert vist, må du ikkje bruka verdien Forskyving til dette. Du bør heller endra sidetal slik det vert forklart i rettleiinga om Sidetal.


Forskyving i dagar/minutt

Skriv inn forskyvinga du vil bruka i eit dato- eller klokkeslettfelt.

Støtt oss!