Collabora Office 21.06 Hjelp
Verktøylinja inneheld ofte brukte funksjonar.
Visar formelen 25% større. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan også endra skaleringa i sprettoppmenyen på statuslinja og frå sprettoppmenyen på skrivebordet.
Visar formelen 25% mindre. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan også endra skaleringa i sprettoppmenyen på statuslinja og frå sprettoppmenyen på skrivebordet.
Visar heile formelen så stort som mogleg, slik at alle elementa vert med. Formelen vert auka eller minska så mykje at alle formelelementa kan visast på arbeidsområdet. Den gjeldande forstørringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan få opp ei liste med dei tilgjengelege skaleringsalternativa i sprettoppmenyen. Også sprettoppmenyen på skrivebordet let deg endra vist storleik. Skaleringskommandoane og ikona er berre tilgjengelege i Math-dokument, ikkje i innebygde Math-objekt.
Denne kommandoen oppdaterer formelen i dokumentvindauget.
Innhaldet i kommandovindauget vert oppdatert automatisk med endringar dersom Oppdater visinga automatisk er slått på.