Collabora Office 21.06 Hjelp
Bestemmer dei generelle innstillingane for rekneark.
Bestemmer måleeiningar i rekneark.
Bestemmer tabulatoravstanden.
Bestemmer kva retning markøren skal flyttast i reknearket når du trykkjer på «Enter».
Tillet redigering av den merkte cella like etter at du har trykt Enter-tasten.
Bestemmer om den automatiske formateringa for dei merkte cellene også skal brukast på dei nærliggjande cellene. Dersom for eksempel innhaldet i dei merkte cellene er formatert med halvfeit skrift, vert også nabocellene formaterte med halvfeit skrift. Celler som er formaterte frå før, vil ikkje verta endra av denne funksjonen. Du kan sjå det aktuelle området ved å halda nede CmdCtrl medan du trykkjer * (multiplikasjonsteiknet på taltastaturet). Dette formatet vert også brukt på alle nye verdiar innføre dette området. Celler utanfor dette området vert formaterte med standardinnstillingane.
Vel om referansane skal utvidast når nye rader eller kolonnar vert sette inntil referanseområdet. Dette er berre mogleg dersom referanseområdet der radene og kolonnane vert lagde til opphavleg var minst to celler breitt/høgt i ønskt retning.
Eksempel: Dersom ein formel har ein referanse til området A1:B1 og du set inn ein ny kolonne etter kolonne B, vert referansen utvida til å gjelda området A1:C1. Dersom det finst ein referanse til området A1:B1 og du set inn ei ny rad under rad 1, vert ikkje referansen utvida, fordi det berre finst éi enkelt celle i loddrett retning.
Viss du set inn rader eller kolonnar midt i referanseområdet, vert referansen alltid utvida.
Bestemmer om kolonne- og radoverskrifter skal uthevast i den merkte kolonnen eller rada.
Vel at utskriftsstorleiken skal gjelda for skjermvisinga i tillegg til utskrifta. Dersom dette ikkje er valt, vil eit skrivaruavhengig oppsett verta brukt til både utskrift og vising på skjermen.
Gjer at det vert vist ei åtvaring når du limer inn celler frå utklippstavla til eit celleområde som ikkje er tomt.
Med dette valet slått på, vil utvidinga av eit utval (med Cmd Ctrl +Shift + Down/Up) gå til slutten av området i den kolonnen som vart lagt til sist i det opphavlege utvalet. Når dette valet er slått av, vil ei utviding av utvalet (med CmdCtrl + Shift +Down/Up) gå til slutten av det området i kolonnen der utveljinga av celleområdet byrja. Det same skjer sjølvsagt når ein utvidar eit utval i rader med CmdCtrl+ Shift + Left/Right.