Collabora Office 21.06 Hjelp
Collabora Office Calc lagrar alle arka i eit Calc-dokument samla som eit HTML-dokument. I byrjinga av HTML-dokumentet vert det automatisk lagt inn ei overskrift og ei liste med hyperlenkjer som peikar til kvart einskild ark i dokumentet.
Tal vert viste slik dei er skrivne. I tillegg vert den nøyaktige verdien sett inn i HTML-taggen <SDVAL> slik at når du opnar HTML-dokumentet med Collabora Office veit du at du har dei nøyaktige verdiane.
Vel Fil → Lagra som for å lagra eit Calc-dokument som HTML.
Vel filtypen «HTML-dokument (Collabora Office Calc)» i Filtype-lista i området med andre filter for Collabora Office Calc filter.
Skriv inn eit Filnamn og vel Lagra.
Collabora Office har ulike filter for å opna HTML-filer som du kan velja i Filtype-lista i Fil → Opna:
Vel filtypen «HTML-dokument (Collabora Office Calc)» for å opna fila i Collabora Office Calc.
Alle vala i Collabora Office Calc er nå tilgjengelege, men ikkje alle redigeringsvala Collabora Office Calc tilbyr kan lagrast som HTML.