Collabora Office 21.06 Hjelp
I dette avsnittet vert nokre av dei tilgjengelege tilleggsfunksjonane forklarte.
I hjelp kan du også finna ein omtale av grensesnittet for tilleggsfunksjonar i Collabora Office Calc. I tillegg er viktige funksjonar og parametra deira omtalte i hjelp for delt bibliotekCollabora Office Calc tilleggsfunksjonar-DLL.
Collabora Office indeheld eksempel på grensesnittet for tilleggsfunksjonar i Collabora Office Calc.
Reknar ut kor mange dagar det er i månaden som inngår i den innskrivne datoen.
DAGAR.I.MÅNADEN(Dato)
Dato er ein dato i den respektive månaden i det ønskte året. Datoparameteren må vera ein gyldig dato ut frå dei lokale innstillingane i Collabora Office
DAGAR.I.MÅNADEN(A1) returnerer 29 dagar viss A1 inneheld 17/2/68, som er ein gyldig dato i februar 1968.
Reknar ut kor mange dagar det er i det året den innskrivne datoen finst i.
DAGAR.I.ÅRET(Dato)
Dato er ein av alle datoar i det aktuelle året. Datoen må vera ein gyldig dato ut frå dei lokale innstillingane i Collabora Office.
DAGAR.I.ÅRET(A1) returnerer 366 dagar viss A1 inneheld 29/2/68, som er ein gyldig dato i året 1968.
Bestemmer om eit år er et skotår eller ei. Viss ja, vil funksjonen returnera verdien 1 (SANN). Viss nei, vil funksjonen returnera 0 (USANN).
ER.SKOTÅR(Dato)
Dato viser om ein gjeven dato er i eit skotår. Datoparameterane må vere ein gyldig dato.
=ER.SKOTÅR(A1) returnerer 1, viss A1 inneheld 29/2/1968, som er den gyldige datoen 29. februar 1968 i dei lokale innstillingane.
Du kan også bruka =ISLEAPYEAR(DATE(1968;2;29)) eller =ISLEAPYEAR("1968-02-29") i ISO 8601-notasjon.
Bruk aldri ER.SKOTÅR(29/2/68), fordi dette først vil dividera 29 med 2 og så dividera resultatet med 68 for til slutt finna ut om resultatet (som datotal) er eit skotår.
Reknar ut skilnaden i månadar mellom to datoar.
MÅNADAR(Startdato; Sluttdato; Type)
Startdato er den første datoen
Data2 er det andre datasettet.
Type reknar ut typen av skilnad. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (i kalendermånadar).
Krypterer ein bokstavstreng ved å flytta bokstavane 13 plassar i alfabetet. Etter siste bokstav i alfabetet byrjar han frå starten (rotasjon). Ved å bruka krypteringsfunksjonen på den krypterte koden, kan du dekryptera teksten.
ROT13(Tekst)
Tekst er tekststrengen som skal krypterast. ROT13(ROT13(Tekst)) dekrypterer koden.
Reknar ut skilnaden i år mellom to datoar.
TAL.PÅ.ÅR(Startdato; Sluttdato; Type)
Startdato er den første datoen
Data2 er det andre datasettet.
Type: reknar ut skilnadstypen. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (i kalenderår).
Reknar ut skilnaden i veker mellom to datoar.
VEKER(Startdato; Sluttdato; Type)
Startdato er den første datoen
Data2 er det andre datasettet.
Type: Reknar ut skilnadstypen. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (tal på veker).
Reknar ut kor mange veker det er i det året den innskrivne datoen finst i. Talet på veker er definert slik: Ei veke som går over to år vert lagt til det året som inneheld flest dagar i denne veka.
VEKER.I.ÅRET(Dato)
Dato er alle datoar i eit visst år. Datoparameteren må vera ein gyldig dato i høve til dei lokale innstillingane for Collabora Office.
VEKER.I.ÅRET(A1) returnerer 53 viss A1 inneheld 17/2/70, som er ein gyldig dato i året 1970.
Tilleggsfunksjonar kan også leggjast inn via Collabora OfficeAPI.