Collabora Office 21.06 Hjelp
Her er ein omtale av grunnlaget for bruk av prosedyrar, funksjonar og eigenskapar i Collabora Office Basic.
Når du lagar ein ny modul, set Collabora Office Basic automatisk inn ein Sub med namnet «Main». Dette standardnamnet har ingenting med rekkjefølgja eller startpunktet for eit Collabora Office Basicprosjekt. Du kan trygt gje Sub-rutinen eit anna namn.
Set er nokre avgrensingar for kva namn du kan bruka på PUBLIC-variablar, subrutinar, funksjonar og eigenskapar. Du kan ikkje bruka det same namnet som ein av modulane i det same biblioteket.
Prosedyrar (Sub-rutinar) funksjonar (Function) og eigenskapar (Property) er til hjelp for å halda eit strukturert oversyn ved å dela programmet opp i logiske delar.
Ein fordel med prosedyrar, funksjonar og eigenskapar er at når du har laga ein programkode som inneheld aktivitetskomponentar, kan du bruka denne koden i eit anna prosjekt.
Variablar kan overførast til både prosedyrar, funksjonar og eigenskapar. Sub, Function eller Property må vera deklarerte for å kunna innehalda parametrar.
Sub SubName(Parameter1 As TYPENAME, Parameter2 As TYPENAME,...)
' her kjem koden din
End Sub
Sub vert kalla opp med denne syntaksen:
SubName(Value1, Value2,...)
Parametera som skal overførast til Sub må passa med dei deklarerte for Sub.
Den same prosessen overført til Function. I tillegg returnerer ein funksjon alltid eit resultat. Resultatet av ein funksjon vert definert ved å tilordna returverdien til funksjonsnamnet:
Function FunctionName(Parameter1 As TYPENAME, Parameter2 As TYPENAME,...) As TYPENAME
' her kjem koden din
FunctionName=Result
End Function
Function vert kalla opp med denne syntaksen:
Variable=FunctionName(Parameter1, Parameter2,...)
Eigenskapane kombinerer syntaksen for prosedyrar og funksjonar. Ein eigenskap treng til vanleg opp til ein parameter.
Private _IsApproved As TYPENAME
Property Get IsApproved As TYPENAME
' her kjem koden din
IsApproved = some_computation
End Property
Property Let IsApproved(value As TYPENAME)
' her kjem koden din
_IsApproved = computed_value
End Property
Property vert kalla opp med denne syntaksen:
var = IsApproved
IsApproved = some_value
Du kan også bruka det fullstendige namnet til å kalla opp ein prosedyre, funksjon eller eigenskap:
Library.Module.Macro()
For eksempel kan du kalla opp Autotext-makroen frå Gimmicks-biblioteket, med denne kommandoen:
Gimmicks.AutoText.Main()
Du kan senda parametrar til ein prosedyre, ein funksjon eller ein eigenskap anten som referanse eller verdi. Med mindre anna er spesifisert, vert ein parameter alltid sendt som referanse. Det betyr at ein Sub, ein Function eller ein Property får parameteren og kan lesa og endra verdien.
Dersom du vil overføra ein parameterverdi, set inn nøkkelordet ByVal framføre parameteren når du gjer oppkall til for eksempel ein Sub, ein Function eller ein Property:
Function ReadOnlyParms(ByVal p2, ByVal p2)
' her kjem koden din
End Function
result = ReadOnlyParms(parm1, parm2)
I dette tilfellet vert innhaldet i parameteren ikkje endra sidan Function får berre verdien og ikkje parameteren.
Funksjonar, prosedyrar og eigenskapar kan definerast med valfrie parametrar, for eksempel
Sub Rounding(number, Optional decimals, Optional format)
' her kjem koden din
End Sub
Ein variabel som er definert inne i ein Sub, Function eller Property er gyldig berre inne i prosedyren. Dette er det som vert kalla ein «lokal» variabel. Ofte har du i tillegg også bruk for variablar som er tilgjengelege i heile programmet, inne i alle modulane og også etter at ein Sub, Function eller Property er avslutta.
Global VarName As TYPENAME
Variabelen er gyldig så lenge Collabora Office-økta varer.
Public VarName As TYPENAME
Variabelen er gyldig i alle modulane.
Private VarName As TYPENAME
Variabelen er berre gyldig innføre denne modulen.
Dim VarName As TYPENAME
Variabelen er berre gyldig innføre denne modulen.
Tving private variablar til å vere private på tvers av modular med innstillinga CompatibilityMode(true).
' ***** Module1 *****
Private myText As String
Sub initMyText
minTekst = "Hallo"
Print "I modul1: ", minTekst
End Sub
' ***** Module2 *****
'Option Explicit
Sub demoBug
CompatibilityMode( True )
initMyText
' Returnerer nå ein tom streng
' (eller det oppstår feil for Option Explicit)
Print "Nå i modul2: ", minTekst
End Sub
Static VarName As TYPENAME
Variabelen held på verdien til neste gong ein Function, Sub eller Property vert brukt. Deklarasjonen må vera inne i ein Sub, Function eller Property .
På same måten som med variablar, kan du definera returverdien for funksjonen ved å ta med eit typedeklarasjonsteikn etter funksjonsnamnet eller typen indikert med As og deretter den tilsvarande datatypen på slutten av parameterlista, for eksempel:
Function WordCount(WordText As String) As Integer