Organisering og plassering av Pythonskript

Filene for Pythonskripta vert lagra i filsystemet i mapper styrte av Collabora Office. Makroane kan opnast ved installeringa på brukar- eller filnivå.

Plasseringa av Pythonskript

Sjå Getting Session Information om korleis du kan få prammeringstilgang til plasseringa av Python-skripta.

Behaldar for Collabora Office-makroar

Makroar som er lagt inn her (i behaldaren) vert kopierte av installasjonsprogrammet og er tilgjengeleg for alle brukarane, og alle opne dokument har tilgang til behaldaren. Du må ha administrasjonsrettar for å kunna lagra og redigera makroar lagra her.

Kvar behaldaren er lagra i Collabora Office sitt filsystem er avhengig av operativsystemet.

Mine makroar

Denne behaldaren er berre tilgjengeleg for Collabora Office-brukaren. Alle opne dokument har tilgang til makroar som er lagra i behaldaren. Makroane vert lagra i brukarprofilen for Collabora Office-brukaren.

MineMakroar-behaldaren er lagra i brukarstaden som igjen er avhengig av operativsystemet.

Dokumentmakroar

Dokumentmakroar vert lagra i dokumentet, og er tilgjengelege berre når dokumentet er opna.

Bibliotek, modular og makroar

På same måten som BASIC-makroar kan også Python-makroar ordnast i bibliotek, modular og makroar.

Slik kan du laga ein Python-makro

Biblioteka er mapper i behaldartreet. Du lagar eit bibliotek ved å leggja til ei mappe i målbehaldaren. Namnet på biblioteket er det same som mappenamnet.

Slik lagar du ein Python-modul.

Ein modul er ei Pythonfil i biblioteket eller i behaldaren. Når du lagar ein modul vert han lagra som ei fil i behaldaren.

Python-makroar

Ein makro er eit Python-objekt i modulen.

Støtt oss!